Uke 51: Høveloftet
Sammenliknet med de fleste andre land har Norge mange bevarte trebygninger fra middelalderen. Disse bygningene, enten de hadde en religiøs eller verdslig funksjon, har tydelige forbilder hentet utenfor landets grenser. Det gjelder både stiltrekk og konstruksjon, selv om vi i dag ofte oppfatter dem som særlig norske. Stabbur og loft er gode eksempler. Det er ikke bare Telemark og setesdalstraktene som har fine bevarte bygninger av denne typen. Ukens kulturminne er hentet fra Valdres.
Av Ole Aastad Bråten
Høveloftet er frå garden Uppigarde Høve (gnr. 45, bnr. 18) i Øystre Slidre kommune. Loftet er det eldste profane (ikkje-kyrkjeleg) bygget i Valdres og vart sett opp på Valdres Folkemuseum i åra 1946–1947. Loftet er i fylgje Arne Berg, ekspert på hus frå mellomalderen i Noreg, frå tida før 1350.
Høveloftet er ei tømra kjerne i to høgder. Rommet i underhøgda er heilt. Overhøgda er avdelt med ein tømmervegg og dannar eit smalt rom på eine langveggen. Dette rommet blir kalla ”jomfruburet” til skilnad frå det største rommet, ”løftet”, og det er ikkje dør mellom dei. Tradisjonen vil ha det til at dette var soverom for jentene på garden om sumaren, og det blir fortalt at bonden på garden passa på å fjerne stigen til rommet om kvelden – for å væra sikker på at ubedne gutar ikkje tok seg inn der.
Slik var det neppe. Inngangen til ”jomfruburet” er derimot gjennom ei dør på ytterveggen. Loftet har truleg hatt sval på tre av sidene i andre høgda, og på langsidene viser i novendane at her har det vore novarmar. I fronten er ein ny svalgang boren av stolpar til bakken.
Konstruksjon og inspirasjon
Høveloftet har runde stokkar, runde novhovud og findalshogg (novhogg med novhalsen i nedre halvdelen av stokktverrsnittet) i begge høgdene. Det er inga profilering på veggstokkane, men utforminga kring dørene er rik og variert. I første høgda er det rette, breie plankebeitskier med reistar etter profilering langs kantane. På veggstokkane mot døra er det kinningane markerte med vakre profilliner. Dette var vanleg dekorasjon på bygningar i mellomalderen. Over døra er stokken forma som ein bjelke med svake spor etter ein boge.
I andre høgda har beitskiene pilaster-motiv, granne halvsøyler, men basar og kapitél. Venstre beitskia har tvinna søyleskaft, den høgre er glatt. Over døra er stokken (arkivolt) forma som ein fin boge, alt laga i eitt trestykke. Attmed døra er endane på veggstokkane utforma om lag som i første høgda med profilerte kinningar. Søyler, bogar, basar og kapitelar i Høveloftet fortel oss korleis den estetiske inspirasjonspila også tidlegare har peika mot heilt andre himmelstrok enn våre eigne, og at det er slektskap mellom byggjeskikk i Noreg og byggjeskikk i andre deler av verda. I dette tilfelle syner detaljane rundt dører og gluggar at det er eit slektskap mellom Høveloftet og den europeiske, romanske steinarkitekturen.
Foto: Valdresmusea.
Skifertak i nyare tid
Loftet fekk skifertak ein gong i nyare tid. Skiferstein som taktekking vart vanleg i Valdres frå midten av 1700-talet. Truleg har det vore torvtak i eldre tid. Det er inga glas i Høveloftet. I gavlen motsett døra er det derimot ein glugg
med vakre bogar. Desse er kopla saman med småsøyler. På framsida er det òg ein glugg som ein enkelt stengjer med ein trekloss.
Det var vanleg med eit større lagerrom for klede på ein gard. Om det vesle rommet i andre høgda seier folkelivsgranskaren og museumsmannen Knut Hermundstad (1888–1976) at det vart nytta til oppbevaring av soldatuniformer og andre militære saker for soldatar i søre delen i Øystre Slidre. Rommet vart også kalla ”syllaterrummet”. I det store rommet i andre høgda har det vore meir veggfast innreiing, truleg var det her veggfaste senger ved begge langveggane.
Dør inn til andre høgda. Foto: Valdresmusea.
Om forfatteren:
Ole Aastad Bråten er kulturhistorikar og fagkonsulent ved Valdresmusea.
Lenke:
Valdresmusea: http://www.valdresmusea.no
