Uke 5: Minda - Piken på apotheket

Kulturminner representerer også negative historier som bør bevares og huskes. Ukens kulturminne er et kildemateriale fra 1880-årene som forteller en slik historie. "Minda - Piken på Apotheket" viser at kulturminner ikke bare gir oss kunnskap om fortiden. De kan også vekkes til live, bli aktuelle på nytt og bidra til forandring. Med utgangspunkt i tidligere dagliglivs gulnede dokumenter utfordres nå ungdom i Trøndelag til å ta opp holdninger i sin egen samtid. Hva kan vi lære av Mindas tragiske skjebne?

 

Tekst: Marita Hesjedal

 

I 1888 blir 14 år gamle Minda Øien lokka inn på Svaneapoteket i Trondheim, neddopa og mogleges voldtatt. Denne forferdelege hendinga vart offentleggjort i Trondheimsavisane, og Minda vart ein del av byens historie, kjend som ”Piken på Apotheket”. Saka vart grundig dokumentert og finns i dag mellom anna som kjelder på Statsarkivet. I 2008 vart kjeldene levandegjort på Sverresborg, Trøndelag Folkemuseum.

 

Klassekamp og menneskeskjebne

Adressavisa

På apoteket den 5.10.1888 sat ein løytnant, ein farmasøyt og ein fotograf. Minda fortalde at løytnanten lokka ho inn på apoteket. Dei servert ho konjakk. Meir hugsa ho ikkje før ho vakna i fyllearresten dagen etter. Ho hadde vorte funne medvitslaus og sterkt alkoholpåverka på bakken utanfor apoteket. Kleda hang så laust på at dei ville falle av om nokon hadde reist ho opp. Minda vart ikkje undersøkt av lækjar og saka vart henlagd. Fyrst då Dagsposten skreiv om saka vart den etterforska. Dagsposten støtta Minda, medan den borgarlege Adresseavisen sto på motparten si side. Det fans inga form for personvern. Adresseavisen hevda at Minda var eit ”offentleg fruentimmer” og at ho villeg drakk øl og røkte sigar. Saka fekk stor merksemd nasjonalt og lokalt, og førte til opprør i Trondheim - ein klassekamp mot borgarskapet. Venstre sia og Dagsposten meinte at om Minda hadde vore av høgare rang enn dei moglege overgriparane, ville saka stilt seg annleis. Minda måtte leva med skamma og vart for alltid kjend som Piken paa Apotheket. Kanskje var dette grunnen til at ho i 1894 emigrerte til Amerika?

 

Fyrste møte med Minda

Vårt fyrste kjennskap til Minda, var gjennom boka ”Veit og gater” av Ingar Kaldal. For oss ved Sverresborg var Kaldals gjennforteljing av Mindasaka svært spanande og levande, og ikkje minst svært aktuell samanlikna med vår eiga samtid. Rettsreferat og avisartiklar er òg kulturminne.  Dei er skriftlege kjelder som ber på viktig dokumentasjon av fortida . Me ynskja å nytte historia til å sei noko om vår eiga samtid. Korleis kunne dagens unge møte Minda på Sverresborg? Me valde å lage eit undervisningsopplegg med bruk av mellom anna museumsteater.

 

Levande kjelder

Museumsteater skil seg frå anna teater ved at ein er pliktig å halde seg til dei historiske fakta. Me gjorde eit

Minda 2 tiltalte

detaljert dykk i kjeldane, for å få eit historisk korrekt manuset. Kjeldane var svært rike. Dette gjorde at me kunne laga ei svært autentisk framsyning som stort sett var bygd opp av replikkar rett frå kjeldane.

 

Kjeldane møter tilskodarane

I dette opplegget vitja ikkje tilskodarane sjølv kjeldane, men likevel opplevde dei at stykket var autentisk og direkte. Museumsteater er ein takknemleg formidlingsmetode. Tilskodarane opplevde nærast å være ein del av historia. For mange kan det å arbeide med kjelder verke traust og kjedeleg, difor er det å formidle kjeldane ein spanande og levande måte å vekke folk si interesse for historie. Me vonar at nokon har vorte inspirert til å oppsøkje kjeldane for å lesa meir om detaljane i historia. Framleis er det ukjende deler i Minda sitt liv, deler som ein kanskje kan finne om ein søkjer vidare.

Kvifor Minda?

Me ynskja å setje fokus på temaet seksuelle overgrep i dag gjennom å sjå på historia. Kvar dag høyrer ein om overgrep i media. Kvifor er det slik i det 21.århundre. Burde ikkje dette for lengst vore ein del av historia? Seksuelle overgrep har skjedd mellom menneskja til alle tider. Kvifor har me ikkje tatt lærdom av historia? Me meiner at det er mogleg å gjere det. Gjennom Minda si historie kan me skapa nye og sunne haldningar i samtida. Kvifor skal me gå til  kjelder og kulturminne? For å skapa ei betre samtid og framtid og for å læra av vår historie og kultur, båe dei positive og negative sidene av menneskjes lange liv.

 

Om forfatteren:

 

Marita Hesjedal (f. 1979) har regiutdannelse fra London (master in Theatre Directing ved Middlesex University). Hun er ansatt ved Sverresborg, Trøndelag Folkemuseum, som dramapedagog og instruktør. Hesjedal er ansvarlig for manus og regi på teaterstykket om Minda.

 

 

Side-alternativer