Uke 35: Kjærlighetsbrev
Kulturminner kan opprinnelig være skapt av enkeltmennesker som uttrykk for tanker, følelser eller personlige relasjoner. Ofte forteller de mest personlige minnene også noe om tiden og de sosiale spillereglene menneskene forholdt seg til. Når samfunnet endrer seg, forandrer vi også hvordan vi uttrykker oss, både i form og innhold. Kjærlighetsbrevet er også ett av de mest intime kulturminnene vi har. Samtidig er det et truet kulturminne. Hvor mange skriver egentlig kjærlighetsbrev i 2009?
Av Reidar Almås
Kjærleiksbrevet er eitt av dei kulturminna som er i ferd med å gå i gløymeboka. Dette mest personlege brevet av alle, som anten skulle smi lenkjer mellom to til å vare livet ut, eller sende sin beiske beskjed: du er ikkje den rette for meg, du blir ikkje mi! Brev vart gøymt som skattar inst i kommodane, men også brent for å døyve kjærleikssorg og for å slette såre minne. I dag er forma annleis; tekstmeldingar, epost og Facebook har tatt over.
Ola Almaas frå Hølonda i Sør-Trøndelag hadde i romjula 1939 sendt eit brev til kontaktspalta i Alle kvinners blad, der ei jente ønskte seg ein brevven. Ola hadde nettopp fylt 32 år, og var den yngste av to søner som budde heime på småbruket saman med foreldra. Han hadde gått Gauldal folkehøgskole og las mye. Dei vanskeleg trettiåra gjekk no mot slutten, men krig truga. Ola var mest heime som dreng og hjelpte mor si i fjøset. Det var vanskelege tider for å stifte heim, og dei fleste fann ektefelle i heimbygda eller frå ei av nabobygdene.
Han fekk svar frå Marie frå Brumunddal på Hedemarken, som hadde kalla seg ”østlandsjente” i bladet. Redaksjonen hadde ved ein feil sendt Olas svar til henne i staden for den ”vestlandsjenta” han hadde meint å skrive til. Marie tilbyr seg å trå til side, slik at Ola kan få brevveksle med "vestlandsjenta". Men Ola ville det annleis og denne forvekslinga innleidde eit lang brevbytte, som gjekk gjennom alle grader av håp, versjonar av tru og lovnad om kjærleik. Marie fortalte alt i første brevet at ”selvfølgelig er jeg både ugift, p.t. uforlovet, truskyldig, uskyldig og alt som bra er”.
Gjennom ein ”føljetong” i lokalavisa Gaula i Melhus kan lesarane fått ta del i kjærleiksbreva mellom Ola og Marie. Dette er verkeleg ”reality”, der ein kan følgje med i korleis eit kjærleiksforhold utviklar seg i sakte kino.
I eitt brev fortel Ola at han er målmann og fritenkjar, og han er redd Marie vil ta avstand frå dette, i og med at ho skriv på riksmål og har likt seg godt i ei kristeleg ungdomsforening. Ola hadde vore i tvil om han skulle fortelje henne at han er fritenkjar, men håper at dei kan ”vera opne og sanne for kvarandre som to sysken”, så dei kan få ”eit sant bilete av kvarandre”. Marie synest han godt kan skrive på nynorsk, verre er det med fritenkjaren.
Kjærleiksbrevet er ei utveksling av dei inste tankar, ein skriftleg konstruksjon av identitet og bygging av eit familieunivers: Korleis skal forholdet mellom mann og kvinne vera? Kva må ein vera samde om, og kva av vårt eige er så viktig at det må vera rom for det i eit parforhold?
Om forfattaren:
Reidar Almås (65) er professor i bygdesosiologi ved NTNU i Trondheim, der han har bygd opp Norsk senter for bygdeforskning. Han har m.a. publisert Norsk jordbruk - det nye hamskiftet (1977), Bygdesosiologi (1985), Livshistorier (1990) saman med Marianne Gullestad, Bygdeutvikling (1995) og Norges landbrukshistorie (2002).
Du kan få ukas kulturminne som e-postabonnement. For å registere deg og lese de foregående artiklene i serien, gå hit:
http://www.kulturminneaaret2009.no/prosjekter/sekretariatets-6-prosjekter/ukens-kulturminne
