Uke 24: Rundballe

Nye metoder og teknologi former og endrer det norske jordbruket. Arbeidsprosesser forandres og nye driftsformer oppstår. Samtidig virker forandringene inn på jordbrukslandskapet og våre nære omgivelser. Uttrykk for disse endringene kan også bli kulturminner, selv om de er av relativt nyere dato.

Uke 24: Rundballe

Foto: Norsk Landbruksmuseum Arne O. Rostad

Brynjulv Gjerdåker

 

Rundballeproduksjon

(1) Ensilering av gras og andre vekstar, også halm, til krøterfôr. Ensilering inneber konservering ved å hindra lufttilførsel til plantane. Målet med ensileringa er å hindra utviklinga av aerobe bakteriar, altså å oppnå eit anaerobt miljø, og senka pH til eit ønskt nivå, som er rundt 4. Graset blir pressa saman for å få ut lufta, det blir tilsett syre for å oppnå rett pH og det blir oppbevart vakumpakka, tidlegare ein silo, i seinare år i stigande omfang pakka inn i plast (rundballar). Det ensilerte graset nyttar ein i februket som surfôr, først og fremst til storfe, i mindre mon også til småfe og hest. I rundballar lagrar ein dessutan

(2) avfall, det vil seia halm frå åkerbruket – til bruk i byggebransjen og på veganlegg som dekkmateriale, i stall og fjøs som strømateriale. Men ein del av halmen som går til slikt bruk, blir ikkje plastemballert.

            

Rundballer på jorde  

Høyballer før emballering på Engene. Foto: Arne Heimestøl, www.hedalen.no

 

I dei siste åra er det arbeidd fram ein metode for å finkutta halmen og deretter spreia han utover jordet og pløya han ned, utan at neste års vekst blir hemma. Enno blir ein stor del av halmen rundballepressa, emballert eller ikkje, men framover reknar ein med at halmballane blir færre rundt om i åkerbruksbygdene.

 

 800px-Kverneland_Taarup_7517_baler.jpg  Rundballepakking. Kverneland, GNU

Rundballetid

 Dei første rundballane i norsk jordbruk vart emballerte midt på 1970-talet. I dei første åra var skepsisen til denne ensileringsmåten stor i fagmiljøet. Først frå midten av 1980-åra vann produksjonsmåten brei tillit og i tida frametter akselererte balleproduksjonen. I startfasen var det halm som vart rundballeemballert. Etter nokre år tok gras over som det viktigaste råstoffet i denne produksjonen. I dag (2009) reknar ein at over halvdelen av det ensilerte fôret blir rundballeemballert. I absolutte tal representerer denne balledelen ca 5 millionar grasballar.

 

Rundballeestetikk

 

bogen.gifRundballane har først og fremst ein praktisk, næringsøkonomisk funksjon. Men både for fehaldarar og alle andre medmenneske som ferdast i kulturlandskapet i bygde-Noreg, har ballane også ei estetisk side. Nemnet ’traktoregg’, der traktoren altså er høna og ballen egget, er eit nøytralt uttrykk for estetikken i ballelandskapet; nøytralt i den forstand at det ikkje har eintydig negative konnotasjonar. Elles har nok dei plastkledde fôreiningane gjennom åra vore objekt for ein del hån og spott. Mange har med andre ord sett på dei som skjemmande kulturelement i eit kulturlandskap misoppfatta som ’natur’.

 

 

Ensilering kan også få terningform og mindre volum. Fra Vestfold.

Foto: Bogen Gård

 

 Men slett ikkje alle har delt denne estetiske forståinga. Ved tusenårsskiftet var det kreative krefter i sognebygda Fjærland som forløyste idéen om ein festival med rundballen i sentrum. Den første gjekk av stabelen i 2002, med Fjærland bondelag og andre lag i bygda som arrangørar og med det uttrykkelege målet å skjerpa medvitet og debatten om korleis landbruket skapar og formar kulturlandskapet. Ein sette seg som mål å arrangera festival kvart fjerde år, og i perioden fram til den neste, i 2006, balla det på seg: Biletkunstnaren og grafikaren Magne Vangsnes vart invitert til å profilera festivalen kunstnarleg. Resultatet vart eit musikkstykke eller rundballefanfare, eit Land-Art-verk med ’ti kilometer rundballekunst’ og traktorballett med rundballar. Sosialmedisinaren Per Fugelli høyrer til dei som ser openberre folkehelsevinstar ved arrangementet i Fjærland og rundballar allment. Neste festival, i 2010, har mange positive forventningar til.

 

 

Om forfatteren:

Brynjulv Gjerdåker er professor i historie ved Høgskolen i Volda, og arbeider for tiden med norsk landbrukshistorie.

 

Lenker:

Se fantastiske bilder fra høyballefestivalen: http://www.rundballe.blogspot.com/

 

Side-alternativer