På låven sitter nissen

Denne ukas kulturminne blir i disse dager sunger på praktisk talt alle barneskoler og barnehager i landet. Margrethe Munthe lanserte den i sin tid som en aldri så liten innovasjon av julesangtradisjonen som da var dominert av salmer og lite rettet mot barn.

På låven sitter nissen

Foto: Munthegaarden

av Velle Espeland, Norsk visearkiv

 

Margrethe Munthe har fått eit rykte på seg som ei streng og pedantisk lærarinne. Det er særleg songen ”Nei, nei Gut!” som har skapt dette bildet av henne. Men da gløymer vi at ho også har skrive ”Å, jeg vet en seter”, ”Hurra for seg som fyller ditt år” og ”På låven sitter nissen”. Ho hadde ikkje barn sjølv, men var svært glad i elevane sine og dei elska henne tilbake.

Det vi kallar ”den gode, gamle julefeiringa” med juletre, julenisse og julegåver til barna er ikkje eldre enn frå slutten av 1800-talet. Før det var det juleselskap, julebukkar og julemat, men etter kvart vart julefeiringa meir på barnas premissar.

På 1800-talet fanst det to slag songar som var brukt i jula, dei religiøse (salmane) og juleleikane. Juleleikane var gamle songleikar som ”Så går vi rundt om en enebærbusk”, Jeg gikk meg over sjø og land” og ”Reven rasker over isen” (den veit vi har vore juleleik heilt frå slutten av 1600-talet). Juleleikane var ikkje først og fremst for barn, men blant ugifte ungdommar var dei var svært populære i dei store juleselskapa. Da skikken med juletre begynte å spreie seg utover på 1800-talet, vart juleleikane brukt rundt juletreet og vart enda sterkare knytt til julefeiringa.

 Margethe Munthe (1860 – 1931) var født på Elverum, men vart lærarinne i Kristiania og ein av dei første som laga norske barnesongar. Ho var opptatt av at songen skulle formidle noko som var kjent for barna.  Ho var også opptatt av at skolen skulle ha nokre konfesjonsfrie julesongar. Juleleikane fanst jo, men dei hadde ikkje noko julerelatert  innhald, og passa ikkje så bra i eit klasserom. På slutten av 1800-tallet hadde også den gamle gardsnissen vorte ein slags julerekvisitt. Det første julekortet med nisse vart trykt i 1883.

Nissen.jpgDen første julenissesangen skreiv Margrethe Munthe i 1905. Den heitte ”Nissens julekveld” og handla om ein nisse som satt så trist på låven fordi dei hadde gløymt å sette ut julegraut til han. Men da han fekk sjå nokre rotter og mus som dansa i måneskinnet måtte han le.

Denne songen var ganske trist til å vere julesong, men i 1911 skreiv ho ”Nissen og Rotterne” (På låven sitter nissen). Den kom ut i eit hefte som heitte Saa leker vi litt! Sang og Gymnastikkleker. Denne songen knytte seg meir til juleleiktradisjonen og i heftet står det også at eit av barna skal sitte i midten og vere nisse, mens dei andre svinsar rundt. Til sist skal dei ta samman i ein stor ring.

Når vi går rundt juletreet vil vi helst synge dei gamle songane, og av dei songane som vart dikta på 1900-talet er det berre to eller tre som har vorte tatt opp i dette svært konservative repertoaret, ”På låven sitter nissen” er ein av dei.

Songen er også brukt i Danmark, men der syng dei: På loftet sitter nissen…

 

Foto: Norsk Visearkiv

 

Om forfatteren:

Velle Espelland folklorist og har sitt daglige virke som leder i Norsk Visearkiv. Han er også kjent som tegneserieoversetter og forfatter med en rekke kulturhistoriske utgivelser bak seg.

Lenker:

Har du glemt teksten? Du finner den her: http://www.munthegaarden.no/SANGTEKSTER/Pålåvensitternissen/tabid/3982/language/nb-NO/Default.aspx

Les mer om Margethe Munthe på nettsidene til Munthegaarden: http://www.munthegaarden.no/HISTORIE/MargreteMunthe/tabid/494/language/nb-NO/Default.aspx

Eller hos Oslo Byarkiv: http://www.byarkivet.oslo.kommune.no/OBA/aktuelt_arkiv/Munthe/hovedside.asp

Mer om viser og sangtradisjon finner du his Visearkivet: www.visearkivet.no

Side-alternativer