Vandreutstilling av folkedrakter
Norsk Folkedraktforum planlegger en utstilling med dukker ikledt et bredt utvalg folkedrakter. Utstillingen vil bidra til kunnskap om håndverkstradisjoner og utvikling av drakttradisjoner.
Vandreutstilling med draktdokker i halv størrelse
Norsk folkedraktforum (Nff) sitt bidrag i Kulturminneåret 2009 vil bli ein absolutt synleg sak, - ei utstilling med draktdokker.
Norsk folkedraktforum vil i 2009 ha ei utstilling med draktdokker i halv størrelse på vandring. Den vil starte i Trondheim, og besøke 17 stadar.
Produksjonen av draktene bygger på formålsparagrafen til Nff, dvs at draktene har bakgrunn i eit historisk kjeldemateriale. Draktene representer dei områda i landet der organisasjonen har medlemmer.
Utstillinga vil by på ca 30 dokker. Med ei høgde på 80 cm, og eit omfang på 50 x 50 cm, vil ei slik utstilling utgjere
litt plass, men samstundes vere godt synleg.
Det arbeides stadig med vandringsruta, men ein satser på 17 utstillingsstader, med ei utstillingstid på 2 – 3 veker. Dokkene blir gjerne plassert i nærleiken av andre større arrangement, slik at så mange som mogleg kan få sjå dei. I tillegg vil publikum få innblikk i gamal drakttradisjon, som her er forsøkt rekonstruert.
Dokkene blir laga frå botn av. Til grunn ligg måla på ein vaksen person, mann eller kvinne, og som her deles med 2, for å få til halv storleik. Dokkene klees i rekonstruerte folkedrakter. Dei fleste medlemmane i Nff har rekonstruert ei eller fleire drakter i full størrelse. Desse er da utgangspunktet for ei drakt i halv storleik.
Når ein veit at dei norske folkedraktene gjennom alle tider er påvirka av impulser utanfrå, er dette i høgste grad i tråd med intensjonane i Kulurminneåret 2009, å belyse utviklinga av dei norske drakttradisjonane gjemmom tidene. Her vil publikum med eigne auge sjå at dei europeiske stilepokene har fått fotfeste i staskleda rundt om i heile Norges land.
Nyt synet.
