Rapport frå ein dag i steinalderen i Kristiansund
Randi Ida N. Rønning, fylkeskontakt i Møre og Romsdal for Kulturminneåret 2009 skal sende oss rapporter fra aktivitetene i fylket. Takk! Vi vil gjerne ha flere slike stemningsrapporter fra Kulturminneåret 2009!
Ein dag i steinalderen
I år er det hundre år sia Anders Nummedal gjorde dei første funna ved Voldvatnet av det som seinare vart kalla fosnakulturen. I samband med dette har elevar frå Averøya og Kristiansund vore med på eit opplegg der dei har fått oppleva litt av korleis livet i steinalderen var.
I løpet av ei veke har sjette og sjuandeklassingar hatt ein aktivitetsdag med ulike uteaktivitetar. Elevane fekk mellom anna knakke flint til reiskap, skyte med pil og boge og padle i kajakk.
Samarbeidsprosjekt
-Dette er eit opplegg som er utvikla av kulturvernseksjonen i fylket, fortel arkeolog Ragnar Orten Lie. – Eigentleg er det ein del av tilbodet i Den kulturelle skolesekken, men i høve hundreårsjubileet kjører vi det denne gongen som eit samarbeidsprosjekt mellom Averøy og Kristiansund kommunar, Nordmøre museum og Møre og Romsdal fylke. Det er knytt opp mot eit seminar om fosnakulturen som skal haldast i Kristiansund 11.-13. september, og er også eit arrangement i Kulturminneåret 2009.
Raud tråd
-Det er ein raud tråd i opplegget knytt til steinalderen. Med pil og boge jakta ein på storvilt, og elevane skal lære korleis heile dyret vart nytta. I tillegg til mat, fekk ein skinn til klede, telt og båtar. Av gevir og bein laga ein fiskekrokar, harpunar og synåler, mens senene vart til tråd, forklarer Orten Lie.
Når elevane no padlar rundt på Voldvatnet, padlar dei på eit oppdemma ferskvatn, mens dei som budde ved Voldvatnet den gongen, padla inn på saltvatn. For 10000 – 11500 år stod nemleg strandlinja opptil 45 meter høgare ved Kristiansund.
Aktivitetsdagen vart arrangert både ved Voldvatnet i Kristiansund og på Kvernes museum på Averøya. Trass i at det regna, syntest elevane det var ein fin skoledag.
----Kva synest de er artigast da? -– Kajakkpadlinga, kjem det nesten unisont.
Men også når det gjeld å få til teknikken med pil og boge er dei fleste ivrige, og mange får draget på å slå flekker av flint, på same vis som steinaldermenneska gjorde for å få til reiskapa sine.
