Kulturminnedag på Bjørke 13.09.09
Vatn er tema for kulturminnedagen i år. Markering av Kulturminneåret 2009
Kulturminnedag på Bjørke
Søndag den 13/9 2009
Program for dagen.
Kl 11.00 Bjørke Kyrkje Gudsteneste
Kl 1200 Opning av kulturminnedagen
Vi går kulturminneløypa rundt Bjørke som vil bli utvida med
fokus på vatn.
Vi får høyre om kraftverket på Åkre og kanskje får vi og sjå Tyssefossen ,
er vi heldige så får vi sjå fossen i si velmakt.
Tema på turen vil vere vatn på Bjørke og korleis Bjørkingar utnytta det
Vi besøker fleire gamle hus Tueplassen og J-buda – Notahuset og
den freda telefonkiosken og Gjettegryta på Bjørke
Kl 1400 Det blir en rast og kaffi på bedehuset
Kl 1430 Veteranbuss køyrer til Skjåstaddalen
Vi besøker Vassaga på Skjåstad og ser på det gamle og nye kraftverket
Det gamle kraftverket står like ved der det nye småkraftverket er bygd nå.
Vatnet er nå eit gode for Skjåstaddalingane men har og flørt til flaum og skader på hus og mark.
Fleire gonger har dei i Morka brukt båt for å få barna på skule.
På Skjåstaddalen finn vi dei eldste stabbura i dalen.
Stabburet i Kristengarden er restaurert og på Rørstad er óg eit restauret stabbur som vi og kan sjå på.
På Rørstad er det ei gammal steinbru av heller som dei brukte for å få dyra over elva.
Kl 1600 Mat og underhaldning på Haukly
Vi ser litt på historia til vatnet gjennom tidene.
Markering av kulturminnåret som har fokus på immatrille og matrielle
kulturtminner.
Kl 18 Avslutning.
Det blir oppsett båt frå Sæbø kl 10.00
Den vil gå om Leknes og hente folk som kjem frå Urke og Norangsfjorden.
Bill 100 kr tur/ retur.
Vi får besøk av Ordfører Gudny Fagerhol
Guiding av Jonny Finnes og andre lokalkjennde.
Velkommen til kulturminnedagen på Bjørke.
Fleire opplysninger kan du få ved å kontakte leiaren for dagen.
Perry Bjørke tlf 70069291 - 99397618
Arrangør er Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag
i samarbeid med Hjørundfjord Sogelag og Storfjorden Sokneråd.
