Folkestrikk på Sunnhordland Museum
Ei artig kulturhistorisk utstilling av vanlege folk sine strikkaplagg frå 1800 og fram til vår tid. Leitar du etter gamle mønster for nye strikkeplagg? Kom og bli inspirert av det folk strikka til kvardagsbruk for hundre eller tohundre år sidan! Her vil du finne både undertøy, ytterklede og fritidsklede, lappa og bøtt til det ugjenkjennelege
http://www.sunnhordland.museum.no
Folkestrikk er ei større kulturhistorisk utstilling om heimestrikk. Utstillinga fokuserer på det folkelege og kvardagslege, og viser eit breitt utval strikkeplagg frå 1800-talet til vår eiga tid. Her er representantar for både dei gamle klassikarane og farsottane innan strikkemoten på 1900-talet.
Strikking fekk for alvor fotfeste i Noreg kring midten av 1700-talet, men det er få bevarte plagg frå før midten av 1800 – talet. Den gong var strikk eit viktig element i folkedrakta, både til helgebruk som til kvardag og i arbeid. Frå 1920-30 talet har sports-, fritids- og moteklede dominert. Nye garntypar og teknikkar har kome til, medan mykje av det gamle har gått tapt. Likevel er arven frå dei tradisjonelle kleda framleis tydeleg i dag, vel å merke som ein del av det store mangfaldet.
I gamle dagar var det nytteverdi, ekstrainntekt og arbeidsmoral som fekk folk til å strikke. I dag er strikking gjerne kos, hobby og trend. Strikkinga er likevel framleis ein måte å nytte ledig tid til skapande arbeid, og ligg kan hende i grenselandet mellom det tradisjonelle og moderne, ei leiving frå sjølvbergingshushaldet blanda med moderne fritidsforståing.
Gamle strikkeplagg med mykje vøling står i skarp kontrast til dagens bruk- og kast mentalitet. Ofte vart strikkeplagga nytta til dei vart heilt utslitne, gjerne først som helgeklede, sidan til kvardags- og arbeidsklede. Det unemnelege undertøyet skulle likevel ingen sjå. Hol etter hol vart stoppa, nye delar strikka på, plagg vart rekte opp eller karda på ny. Ingenting skulle gå til spille.
Utstillinga er produsert av Hordamuseet/Bymuseet og Historieverkstaden.
