Norske Lagsbruk har fått nytt namn: Norske kulturbygg
Vi skal vere best på å gje folk i by og bygd det gode organisasjonseigde kulturbygget. Ein trygg, inkluderande og rusfri samlingsstad for alle.
Norske Lagsbruk har fått nytt namn: Norske kulturbygg
Av Anders Slaatsveen
Årsmøtet 2009 gjorde samrøystes vedtak om å endre namnet. Lagsbruk er eit gamalt og godt ord, men har dessverre ikkje fått gjennomslag i språket, ikkje i våre fagmiljø, knapt nok internt og avgjort ikkje i media. Vi endrar altså namn for å bli langt tydelegare på kva og kven vi er, meir offensive i det fagleg-politiske arbeidet og samtidig ta vare på den stolte tradisjonen vi er ein del av.
Norske kulturbygg er samarbeids- og tenesteorganisasjonen for lagsbruka (forretningsdrift) i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag og for ungdomshusa i Noregs Ungdomslag.
I 2009 har organisasjonen dobbeltjubileum. Vi starta som Lagsbruksnemnda i 1949 og vart Lagsbrukssamskipnaden (sjølvstendig organisasjon) i 1979.
Dei mest kjende lagsbruka er kaffistovene og bondeheimane (hotell). Av lagsbruk som i dag er med i Norske kulturbygg er Bøndenes Hus (Oslo), Siddisstova Stavanger, Kaffistova Mosjøen, Trondarnes kaffistove (Harstad), Bygdelagssamskipnaden BLS (Oslo/Akershus), Bergen ungdomslag Ervingen, Busk-Mål og Matstova (Sarpsborg). Meir enn 300 ungdoms-lag (NU) med ungdomshus/samlingshus er kollektivmedlem i Norske kulturbygg.
Norske kulturbygg er partnar i NSRM Norsk senter for rusfri miljøutvikling saman med Norske Vandrerhjem, NM hotels og LASS (avhaldshusa), og gjennom NSRM, medlem av Actis – rusfeltets samarbeidsorgan. Vi er og med i NOK Nettverk for organisasjonseigde kulturbygg saman med Norges Velforbund, Folkets Hus Landsforbund og LASS. NOK er m.a. engasjert i Utviklingsgruppa for kulturarenaer. Norske kulturbygg er sekretariat for NSRM og NOK. Vi er med i Frivillighet Norge, Norsk Kulturarv, Fortidsminneforeningen og Nynorsk forum.
Årsmøtet gjorde og samrøystes vedtak om ny strategisk plan for 2009 – 2012.
Vi skal vere best på å gje folk i by og bygd det gode organisasjonseigde kulturbygget.
Ein trygg, inkluderande og rusfri samlingsstad for alle.
(Norske kulturbygg sin visjon)
Vi minner om utstillinga Ungdomshuset – kulturbygget, historisk – i dag – for framtida med opning måndag 4.mai kl 12.30 i foajeen på Det Norske Teatret, og skal stå der gjennom heile veka i samband med Norsk amatørteaterfestival. Utstillinga er eit samarbeid mellom Norske kulturbygg og Noregs Ungdomslag, og er støtta av Kulturminneåret 2009.
Med vennleg helsing
Anders Slaatsveen
dagleg leiar
Norske kulturbygg
lagsbruk.no - post@lagsbruk.no - Torggata 1, 0181 Oslo - 90 20 66 58
