Fra privat tun til Fylkeskommunalt spleiselag?

Kva er det med eit verneverdig tun som borgar for utløysing av kommunale investeringar? 92 frammøtte, i silande regn, på Røynevarden viser tydeleg at kulturhistorie fengjer suldølen. Kulturminneåret gjengir sak i Suldalsposten 17.09.09, fordi den belyser et allmenn utfording: Hvordan prioritere og håndtere interessante eiendommer i overgangen fra privat til offentlig eie.

Nytt om gammalt
 16.09.09

Li-tunet, høgt over Hylsfjorden og vakkert som eit urnorsk eventyr, lokkar suldøler og turistar, men utilgjengeleg for dei fleste, då eigedomen er på private hender.

Og midt i den kommunale spareprosessen kjem tunet for sal, med invitasjon om eit fylkeskommunalt spleiselag, der kommunen berre treng å leggja ein million kroner i potten for å utløysa to millionar frå fylket. Så tunet kan opnast for alle. For godt til å vera sant! Men også ei vanskeleg avveging. Kva er det med eit verneverdig tun som borgar for utløysing av kommunale investeringar? 92 frammøtte, i silande regn, på Røynevarden viser tydeleg at kulturhistorie fengjer suldølen. Men kva er det som gjer at Li-tunet skal få midlar som kunstsatsinga i kommunen har måtta forsaka? Og skulesamanslåinga har, allereie før bygginga er sett i gang, auka utgifter til skulebygget på Sand. Det er dyrt å vera fattig. Sjølv om Suldal kommune neppe kan seiast å vera det, er det godt blikket vert kasta framover, for å tenkja gjennom kva som skapar verdi for innbyggjarar og reiseliv, og at ikkje alt nytt er godt nytt. I dette høvet er det gammalt som lokkar med godt nytt.

For saken i Suldalsposten: http://www.suldalsposten.no/nyhet.cfm?nyhetid=3868

Side-alternativer