Publiseringsproblem
Opp til forum Kulturminneløypa
Hei!
Før me starta, laga eg ei prøveløype. Denne prøvde eg å slette då me byrja arbeidet med Feios kulturløype. Då forsvann begge løypene. Berre kulturminna er synlege. Så kvar gong me loggar inn for å finne fram att løypa, må me gå inn på eit av kulturminna og trykkje "gå tilbake til løype". Dette er litt tungvint. Kan eg gjere noko for at det skal verte enklare? Eg les at at det skal vere mogeleg å finne att draftet for vidare redigering berre med å merke det av på kartet. Det har ikkje eg fått til.
Eg har dessutan problem med å få publisert løypa vår. Løypa og alle kulturminna er merka med publisert, men det er ikkje råd å få dei ut på nettet. Då me starta arbeidet med løypa, sette me ein dato for publisering. Denne datoen let seg ikkje endre på eller få vekk. Me vil gjerne publisere løypa så raskt som mogeleg.
Helsing Gjertrud Samland
