Kulturminneåret 2009 i Vågå
"I Vågå er talet på og mangfaldet av kulturminne stort. Kulturminna står sterkt i folk sitt medvite, og er ein del av ein levande tradisjon." I Vågå kommune står kulturvernet sterkt og de er godt i gang med organisering og planlegging.
I Vågå er talet på og mangfaldet av kulturminne stort. Kulturminna står sterkt i folk sitt medvite, og er ein del av ein levande tradisjon.
Vågå kommune har over 150 freda bygningar og meir enn 1700 bygningar frå før 1900. Bygningsvern, byggjeskikk og kulturlandskap vil derfor vera eit hovudfokus i Kulturminneåret 2009. Tolstadkveinnberget er eit freda anlegg der det vart brote kveinnsteinar.
I utmarka finn vi talrike kulturminne som buplassar frå steinalderen, fangstminne frå steinalder til mellomalder, kolgroper og jernvinneanlegg, i tillegg mange tufter og gravhaugar. Kulturminna i utmark dokumenterar ei tusenårig busetting i vårt område. Sidan mange i Vågå er oppteken av utmark og naturbruk er kulturminna her med på byggje under lokalsamfunnet sin identitet.
Av ein annan karakter er dei immaterielle kulturminna Jutulporten og Riddarspranget som er knytt åt mellomaldersegn.
Kulturminne er og verdifulle i ein nasjonal samanheng, då dei seier mykje om korleis landet vårt har blitt nytta og korleis det har vore organisert til ulike tider. Kulturminna er også med på å gje djupn til forståinga av oss sjølve som menneske.
Kulturminneåret 2009 vil ein i Vågå leggje opp til eit aktivt program med
kulturminnevandringar, kveldsmøte og foredrag, involvere skule og barnehage samt faglege og sosiale program rundt enkeltobjekt og tradisjonar av særleg interesse og verdi. Vi ønskjer å byggje aktiviteten på kunnskap og engasjement som vi finn hjå eldsjeler og andre interessert i bygda kombinert med kulturminnefagleg kompetanse frå ulike institusjonar. Det vil bli halde eit ope kveldsmøte i bygdatunet Jutulheimen 4. september der alle er invitert til å komme med forslag og innspel til Kulturminneåret 2009.
For Kulturminneåret 2009 er det i Vågå nedsett ei arbeidsgruppe med medlemmar frå Vågå kommune, Vågå historielag og Vågå turlag.
I Vågå er det kulturminneår kvart år – i 2009 er det for heile landet!
