Nyhendebrev nr. 4 september 2009 frå Kulturminneåret 2009

Då er ferien over for dei fleste, og vi er godt inne i den andre halvdelen av Kulturminneåret 2009. Det har vore ein aktiv kulturminnesommar med festivalar, aktivitetar, arrangement, kulturminneløyper og utstillingar over heile landet. Takk for innsatsen til alle dykk som har vore med! Mange fleire små og store arrangement og aktivitetar er på trappene. Følg med i kalenderen vår og på oppslagstavla på nettsida vår!

Nyhendebrev nr. 4 september 2009 frå Kulturminneåret 2009

Vil du ha denne utstillinga et sted nær deg? Meld frå!

Halvåret som har gått, har vi brukt til å etablere året og setje i gang prosjekt. Vårt hovudspørsmål gjennom heile markeringa er: ”Kva er eit kulturminne?” Vi har no eit halvår igjen til å nå målet i oppdragsbrevet om at Kulturminneåret 2009 ”skal være et grunnlag for å utvikle kulturminne-forvaltningen og gi grunnlag for ny debatt”.

Vi ber om at alle kontaktpersonane i Kulturminneåret 2009 tenkjer på spørsmål som er eigna for å få ein god debatt til dømes om omgrepet kulturminne og om organiseringa av verksemda: Både kulturminne og kulturarv er del av vår felles kulturhistorie. Kulturminneomgrepet er i Kulturminneåret 2009 vektlagt i retning av daglegliv og personlege forteljingar. Bør eit kulturminne igjen berre bety bygg, fartøy og stad, slik det blir praktisert heimla i Kulturminneloven?

Riksrevisjonen leverte i mai sin rapport om kulturminnevernet i Noreg. Samsvarar analysen til Riksrevisjonen med di erfaring frå feltet? Rapporten finn du her: http://kulturminneaaret2009.no/prosjekter/sta/riksrevisjonens-undersoking-av-arbeidet-med

Det er også kommet to stortingsmeldingar som bidrar i en aktualisering av museumsfeltet i år. Digitaliseringsmeldinga tar føre seg regjeringas målsetningar om å realisera den digitale allmenninga. Museumsmeldinga omhandlar regjeringas mål for vidare utvikling av museumssektoren etter museumsreformen. Desse finn du her: http://kulturminneaaret2009.no/prosjekter/sta/aktuelle-stortingsmeldinger-for-kulturarv-og-kulturminnefeltet

 

26. og 27. november møtest vi til debatt i Tromsø i høve det siste nasjonale arrangementet i Kulturminneåret 2009 , sjå eiga sak nedanfor. Elles er alle velkomne til å ytre seg på Facebook-sidene eller på nettsidene våre. Send inn dine tankar på e-post til kulturminneaaret2009@kulturvern.no.

Nasjonalt arrangement i Tromsø i november

Det siste av dei nasjonale arrangementa i Kulturminneåret 2009 er lagt til Tromsø 26. og 27. november. Her opnar vi for den store debatten om status i kulturminnevernet i Noreg no, og kva vi ynskjer og treng av endringar i tida framover.  Det blir også kulturelle arrangement og eit ope debattmøte støtta av Fritt Ord. Set av datoane! Invitasjon følgjer på e-post.

I førebuingane til dette seminaret treng vi innspel frå kontaktpersonane våre i kommunar og fylke, og frå organisasjonar og andre aktørar på feltet. For det fyrste, tenk ut og send gjerne inn spørsmål de ønskjer skal opp på dagsordenen på dette møtet. For det andre: Send inn fleire beskrivingar av arbeidskvardagen dykkar, til serien vår ”Kulturminnevern her og no”, som vi begynte med 26. mars. Her finn du det vi har fått inn så langt: http://kulturminneaaret2009.no/om_kulturminnearet_2009/kulturminnevern-her-og-na

 




Fordums kraft – nytt liv

Fotoutstillinga ”Fordums kraft – nytt liv. Industriminner i møte med vår tid”, som i heile sommar har stått på Rådhusplassen i Oslo, er no på flyttefot. Det er fotograf Bård Løken som har teke bilete av ti nasjonale teknisk-industrielle kulturminne. Gjennom linsa hans får maskindelane menneskelege drag, og rusta og teglsteinen blir vakre overflater og fargar. Arkitekt Julia Yran har designa utstillinga, som er inspirert av materiale frå den tidlege industrien. Fyrste stopp for utstillinga er Papirbredden i Drammen. Her er ho vakkert plassert i eit historisk industrimiljø framfor det nye biblioteket. Her skal ho stå fram til 27. september. Vi ber kommunar og museum som kan vere interesserte i å ta imot utstillinga i haust- og vintermånadene, om å ta kontakt. Vi er i ferd med å sy saman ein turnéplan no.


 


13. september er internasjonal kulturminnedag

13. september er det duka for den årlege kulturminnedagen. To tema er valde: Kulturminne frå dagleglivet og Vatn. Tema er godt imottekne, og det blir rapportert om spennande arrangement med kulturminneår-fokus i heile landet. Oversikt over kva som skjer denne dagen, finn du på www.kulturminnedagen.net.


Nytt om Kulturminneløypa

Vi har no godt over 220 kulturminneløyper i nettportalen, og vi veit at det er mange fleire som arbeider med å lage nye løyper. Vi tenkjer at ei kulturminneløype gjennomsnittleg fortel om ti kulturminne med tekst og bilete – og briskar oss med at vi i realiteten har 2200 enkle forteljingar om kulturminne i denne portalen.

Kulturminneløypa.no har lege på rundt 250 daglege brukarar i heile sommar, rundt 5500 brukarar i månaden – og kvar brukar oppheld seg gjennomsnittleg bortimot tre minutt på nettstaden og klikkar innom 3,68 sider. Vi ser også at det blir fleire og fleire som lenkjar til www.kulturminneløypa.no – noko vi tolkar som at tenesta blir lagd merke til og integrert med anna informasjonsmateriale om kulturminne.

Dette skal vi vere nøgde med – men samtidig ser vi potensialet for vidareutvikling. Vi oppfordrar alle kulturminneår-ansvarlege i fylke og kommune  til å lenkje til kulturminneløypa i dykkar fylke frå dykkar sider! Kanskje kan de trekkje fram lokale løyper som ei eiga nyhendesak på nettsida?

Kulturminneløypa deltek i samarbeidet Minnefinnar
Nettportalen kulturminneløypa.no kan i september invitere skulebarn til å leggje inn eigne skuleløyper. I eit samarbeid mellom Kulturminneåret 2009, ABM-utvikling og Riksantikvaren blir skulebarn inviterte til å lage eigne kulturminneløyper baserte på arbeidet dei gjer som minnefinnarar. Minnefinnar-samarbeidet har sin eigen portal på www.minnefinner.no, der også forslag til læringsopplegg knytte til kulturminne og bruk av digitale tenester i skulearbeid om kulturminne er tilgjengeleg.

Invitasjon er send ut til skular i heile landet, og vi ser at nokre skuler allereie har teke i bruk tenesta.


Kulturminneløyper – dokumentasjon av  lokale og nasjonale debattar i kulturminnesektor?
I ferien har kulturminneløypa.no starta eit eige prosjekt der vi lagar løyper mellom nyheitssaker og reportasjesaker i lokalpressa over heile landet – og legg dette inn på http://loype.kulturminneaaret2009.no/kulturminneloyper/det-haster-kulturminneloeype-mellom-bygninger-og-steder-som-boer-tas-vare-paa – då med ei lenkje til artikkelen  i nettutgåva av avisa eller nett-tenesta – med namnet på avisa/mediet, datoen og namnet på journalisten. Resultatet er ei kulturminneløype som vil syne korleis lokalpressa/lokalkringkastinga engasjerer seg i kulturvernarbeid rundt omkring i landet. Dessutan blir det her bygd opp ei oversikt over kulturvern- og fredingssaker, kulturminnesaker som blir debatterte på lokalplan over heile landet i siste halvdel av Kulturminneåret 2009. 


Holbergprisen i skulen

Holbergprisen i skulen er ein forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen. I år har Kulturminneåret 2009 inngått eit samarbeid med dei og oppfordrar elevane til å forske på tema innanfor kulturarv. Tre skular er med: Rosenvilde i Bærum, Sandslien i Bergen og Vadsø videregående skole.  Forskingsrapportane frå elevane blir publiserte på http://holbergprisen.no/holbergprisen-i-skolen


Vekas kulturminne

Det er framleis mogleg å teikne seg som abonnent på Vekas kulturminne. Vi har hatt ein liten teknisk svikt som har gjort at nokre av abonnentane våre ikkje har motteke e-post, men det skal no vere retta opp.
Registrer deg som abonnent her: http://www.kulturminneaaret2009.no/prosjekter/sekretariatets-6-prosjekter/ukens-kulturminne


Konferansar om kulturarv

Sluttkonferansen for prosjektet ”KAFF. Kulturarv, forsking og formidling” blir halden på Lillehammer 20. og 21. oktober.  Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Riksantikvaren, Norsk kulturråd og ABM-utvikling for å skape grunnlag for debatt og fornying i kulturarvfeltet. Les meir her http://www.kaff.no/

Telemarksforskning står bak konferansen ”Reiseliv og kulturarv” som går av stabelen i Bø, 23. og 24. september. Forelesarar frå Austerrike, Skottland, England, Sverige og Danmark kjem for å vise korleis kulturminne og forteljingar frå fortida kan brukast i reiselivet. http://www.telemarksforsking.no/start/detalj.asp?nyhet_id=394&merket=2







Vi publiserer stadig aktuelle saker om relevante seminar og konferansar på nettsida vår og på Facebook. Følg med!

Vi ynskjer alle ein spennande og engasjerande kulturminnehaust!


Venleg helsing

Sidsel, Dagny, Ulla og Liv
Sekretariatet for Kulturminneåret 2009

 

 

Side-alternativer