Ny doktorgrad viser at kulturlandskap bevarer gammelt artsmangfold

Avhandlinga viser kor viktig den tradisjonelle drifta er for å oppretthalde verdifulle kulturlandskap, og at område med høg naturverdi ofte også inneheld svært gamle kulturelement. Desse areala bør vera ’hot-spots’ i forvaltningssamanheng, fordi ein ved rett skjøtsel kan ta vare på biologisk mangfald og kulturarv på ein og same lokalitet.

Ny doktorgrad viser at kulturlandskap bevarer gammelt artsmangfold

Liv Norunn Hamre disputerer 11. desember

 

På Høgskulen i Sogn og Fjordane sine nettsider har vi funnet denne saken:

Med ei avhandling om endringar av kulturlandskapet ved Urnes stavkyrkje skal Liv Norunn Hamre fredag 11. desember disputere for ph.d.-graden ved Universitetet i Oslo

Kulturlandskapet i Noreg har gått gjennom store endringar frå siste halvdel av 1800-talet og fram til i dag. Desse endringane har hatt mange negative konsekvensar både på mangfaldet av planteartar og på kulturarven vår.

Urnes stavkyrkje som døme

I sitt doktorgradsarbeid har Liv Norunn Hamre undersøkt det ømtålege landskapet rundt Urnes stavkyrkje i Luster, eitt av Noreg sine sju område på UNESCO si verdsarvliste. Med eit utskiftningskart frå 1865 som historisk kjelde, har ho studert strukturendringane i dette landskapet.

Arbeidet viser kva effekt slike strukturendringar har hatt på fordelinga av planteartar i landskapet generelt, og i gamle enger spesielt. Gjennom undersøkingar av populasjonsdynamikken til den lyskrevjande engplanta smalkjempe viser Hamre korleis endringar av skjøtsel med påfølgjande gjengroing påverkar slike sårbare kulturmarksartar.

 

http://www.hisf.no/no/for_tilsette/arkiv_informasjon_til_tilsette/doktordisputas_for_liv_norunn_hamre

Side-alternativer