Møre og Romsdal skal kåre beste kulturvernkommune i fylket i Kulturminneåret 2009

I Kulturminneåret 2009 har fylket bestemt at den beste kulturvernkommunen skal kåras, og oppfordrar interesseorganisasjonar og kommunane sjølve til å melde på kandidatar.

Møre og Romsdal skal kåre beste kulturvernkommune i fylket i Kulturminneåret 2009

 

 

Fylkeskonservatoren har utarbeidd retningslinjer for kåringa og har invitert representantar for fortidsminneforeingane, musea i Møre og Romsdal, Bygdekvinnelaget, Pensjonistforbundet, KS og Ungdomspanelet til å sitta i juryen. Alle sagt ja til invitasjonen, og ein reknar å ha det første møtet i september.

 

Juryen skal sjå på aktivitetar og tiltak, i tillegg til at dei skal vurdere korleis kulturminna blir ivaretekne i den enkelte kommunen.

 

Kåringa blir offentliggjort desember.

 

 

Side-alternativer