Kronikk om rivinga av Oddas verdsarv
Randi Bårtvedt har ein kronikk i Aftenposten i dag 21.09.09 om rivinga i Odda. Vi publiserer her en lengre versjon, med lenke til Aftenpostens kronikk. Kulturnminneåret 2009 løfter med dette eksempelet fram spørsmålet om avstanden mellom lokale og nasjonale vernemyndigheter.
Odda riv i verdsarven og nasjonale styresmakter, som har søkt om verdsarvstatus for anlegget, sit stille.
ODDA RIV I VERDSARVEN OG RIKSANTIKVAREN LAR DET SKJE
Av Randi Bårtvedt, Foto Harald Hognerud, NVIM
I kulturminneåret 2009 ser vi at avstanden mellom Riksantikvar og kulturminne kan vera farleg stor.
”Tenk stort” , sa statssekretær Heidi Sørensen på 100-års jubileet for Rjukanbanen den 9. august. Ho heldt tale til jubel og applaus frå dei mange frammøtte. Kulturminnevernet skulle tenkja stort – som grunderen Sam Eyde. Riksantikvaren freda ved same anledning ferjene som frakta råstoff inn og produkt frå Rjukan til heile verda. ”Det handla om verdsarv”, sa riksantikvar Nils Marstein, for Rjukan/Notodden og Tyssedal/Odda vart i slutten av juni ført opp på norsk tentativ liste til UNESCO.
På andre sida av Hardangervidda, i Odda, stod samtidig digre maskiner klar for å riva. Kommunen sin administrasjon hadde gitt rivingsløyve for to av dei store smelteomnane i Odda midt i verdsarven. I eit området regulert til: ”… byggeområde for allmennyttige formål.” og slik at. … ”det sentrale området på Smelteverkstomta kan utvikles som et sted for bevaring, dokumentasjon og formidling av byens industrihistorie.”. Ifølge lokalavisa har verken kommunen eller eigar, Smelteverket Næringsutvikling AS (SNU), konkrete planar for bruk av området etter riving. Eigarane sa i si pressemelding i juni: ”Det har vært et politisk press for riving og SNU legger til grunn at vi får et positivt og godt samarbeid med Odda kommune for utvikling av dette området i samsvar med gjeldende reguleringsplan.” Ordføraren uttalte til media at rivinga var gledeleg og at det etter ”vår meining” ikkje gjekk utover ein UNESCO-søknad. I august vart desse industriminna skrapjern.
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) gjorde eit forsøk på å kjøpa området, men klarde ikkje aleine å skaffa dei 3 millionane for 16,5 mål med nedlagde industribygg. NVIM baud til slutt kr 500 000 for berre produksjonslinja som var det andre tilbodet frå eigar. Museet fekk tilbodet fordi NVIM hadde kunnskap og evne til å utvikla området slik reguleringsplanen sa. Kort etter las vi i avisa at SNU midt i forhandlingane søkte rivingsløyve. I juni trekte dei salet tilbake. ”SNU har besluttet å rive ovn 1 og 2 og som følge av dette ikke selge et større område regulert til Allmennyttige formål til andre på nåværende tidspunkt.” Dersom sal skulle vera aktuelt seinare, måtte det største området kjøpast melde dei. Det var ein underleg prosess. Odda kommune gav rivingsløyve, takka ja til verdsarvkandidatur og takka nei til fylkeskommunen og museet om samarbeid og kjøp. Surrealistisk seier mange.
Noreg har sett Odda opp på si tentative liste som er levert til UNESCO. Dermed har statlege styresmakter signalisert Noreg sitt syn på verdiane og gjort det til et nasjonalt ansvar. Då kan ein forventa seg spørsmål og reaksjonar til sentrale styresmakter frå UNESCO. Eigarar lokalt kan riva, medan nasjonale styresmakter som har lansert dette til tentative liste, lar det skje.
Omnshusa og industrihistoria
Den eldste omnen er frå 1936 og den andre frå 1950-åra ved verket som starta produksjon i 1908. Mange har
hatt sitt levebrød frå smelteverksomnane i fleire generasjonar og Noreg gode eksportinntekter. Dei 2 omnshusa ligg i ei komplett produksjonslinje og det er sjølve essensen i serienominasjonen ifølge utanlandsk ekspertise. På Niagara er gjødselfabrikken riven, likeins i Terni, Trotsberg og på Rjukan. Det er lite att av desse store 1. generasjonsanlegga i verda, men i Odda er produksjonslina in takt både for karbid og produksjon av nitrogengjødsel. No har den potemsielle verdsarven fått eit sår. Det nyrestaurerte kraftanlegget i Tyssedal, produksjonslinjer på smelteverket i Odda og Rjukan/Notodden med jernbanen og ferjer er komplementære verdiar. Utanlandsk ekspertise har besøkt området og åtvara no mot riving. Dei snakkar for døve øyrer. Noreg veit enno best.
Fylkeskonservatoren i Hordaland fråråda Odda kommune å tillata riving. Det ville gripa forstyrrande inn fredingsområdet og det var sett av midlar til gjenbruksanalyse. Omnshusa ligg med mellombels freda omn 3, verdas største karbidsmelteomn, på den eine sida og freda kalkomnar og kokstørke på den andre sida. Fylkeskonservatoren får støtte for sitt syn av ICOMOS Norge som ville ha heile produksjonslinja mellombels freda. – ICOMOS (International Council of Museum and Sites) er det organet som vurderer søknader for UNESCO. Generalsekretæren i TICCIH (The international committee for the conservation of the industral Heritage ) har åtvara, organisasjonen blir konsultert i industriminnesaker og har samarbeidsavtale med ICOMOS. Han seier at saka viser at norske vernestyresmakter er på 1960-tals tankegang med manglande interesse for det komplette produksjonsanlegget og hovudfokus på arkitektur. Og at kraftanlegg med tilknytta industrisamfunn er det mange av i verda.
Gjennom omnshus 1 og 2 går utstyr som høyrer til freda omn 3 – verdas største karbidsmelteomn. Det er transportband, vegestasjon, tappefilter og hulelektrodar. Ved å riva i utstyret blir ein sentral del av det unike vekke. Det er som å skyta seg sjølv i foten på oppløpssida.
Kva kan miljøvernministeren gjera?
Ifølge riksantikvar og fylkeskonservator er det no berre regjeringa og miljøvernministeren som kan gripa inn. Det forventar eg at dei gjer. Dette er arbeidarkultur og industriarv av ypparste klasse som den norske arbeidarrørsla har sine røter i. Ved smelteomnane står vi bokstavleg tala på terskelen til Velferdsnoreg. Det er også britisk, svensk og tysk industriarv på norsk territorium. Karbid og nitrogengjødsel var dei store produkta på belysning og gjødsel for 100 år sidan. Då spådde kjemikarar at guanoen i Chile tok slutt og verda trong meir mat. Gjødsel med nitrogen frå lufta kunne lagast i fabrikkar i land med rikeleg tilgang på billeg elektrisk kraft. Det fanst i Noreg; i Notodden (1904), i Odda (1908) og på Rjukan (1909). Det var starten på ein verdsindustri og den 2. industrielle revolusjonen.
Rivinga skjer i ein kommune som er deltar i det nasjonale pilotprosjektet ”verdiskaping på kulturminneområdet” (2006-2010). Museet som er ei privat stifting med nasjonalt formål, har konkrete gjenbruksplanar for vitensenter, restaureringssenter, industriarkiv og smelteverksmuseum i omnshusa. Museet vil byggja opp eit kunnskapssenter her i samarbeide med fleire og kan skapa nye arbeidsplasser som regionen treng. Kostnadane kan takast over år, som ved restaureringa av kraftanlegget i Tyssedal. Vi vil gjera området til eit velkomstområde og attraksjon. Lysdesignar Jonathan Park, kjend for lysshow for Pink Floyd mfl. og lyssetting av industrianlegget Landschaftspark Duisburg, kom til Odda i 2007 på invitasjon frå verdiskapingsprosjektet. Han vart fasinert av den kraftfulle kontrasten mellom fjordlandskapet og det store smelteverket. Eigarane fortalde oss at Park sitt besøk var dei mest bortkasta kulturmidlane vi hadde brukt. Den kjende arkitekten Kjetil Thorsen i Snøhetta har vist begeistring for smelteverket og ser muligheten i kombinasjon moderne arkitektur og verdsarv tilrettelagt for publikum og brukarar. Han meiner at rivinga er svært beklageleg.
No reduserast den europeiske dimensjonen ved verket. Mange seier det er flott om berre teglsteinsbygga står att – for dei er så fine. Men det er mange bygg av denne typen rundt i verda. Det er ikkje noe spesielt med dei utan i samanheng med dei store siloane og smeltehusa som viser produksjon i verdsklasse.
I 1990 viste dåverande miljøvernminister Thorbjørn Berntsen handlekraft i Odda. Ingen ville gje midlar først til opprensking av Sørfjorden. Berntsen gjorde eit klokt utspel. Han gav 10 millionar først – ”for vi har tillatt forureininga”. Det var starten på eit lagspel mellom stat og bedrift. Prosjektet vann mange prisar og naturen vart vinnaren. Seinare gjekk Berntsen i bresjen for industriminnevern og arrangerte det første kulturminneåret. No har miljøvernminister Solheim sjansen til å berga gjenverande industriminne på smelteverket ved si handlekraft. 6 millionar til ein startpakke no ville hjelpa og visa at Noreg er stolt av sin industriarv. Gjerne i spleiselag med kulturministeren som og er ein varm forkjempar for det nasjonale Kulturminneåret 2009.
Stilla kjem etterpå. Odda kommune har ingen planar for området. Heller ikkje SNU. Museet har planar og kan skapa arbeidsplassar. No gjentar tradisjonen seg i Odda som starta med riving av den gamle steinkyrkja, direktørvillaen teikna av same arkitekt som kongens bustad, ”Gamlehaugen” i Bergen, palasshotellet Hotel Hardanger og Folkets hus. ”Ettertida vil alltid gje kulturminnevernet rett” sa den markante Riksantikvaren Stephan Tschudie Madsen. Kva seier den nye?
La oss slå ring om smelteverksomnane i Odda – vår kulturarv og vår framtid.
Randi Bårtvedt
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Direktør
randi@nvim.no
Kulturminneåret 2009 har en egen sak om tilfelle Odda, hvor vi har lagt ut en del aktuelt bakrgrunnsmateriale. Se her: Spillet om ovnene i ODDA
Saken har også vært oppe i Stortingets spørretime i august: ODDAs ovnshus 1 og 2 i Stortingets spørretime
Her er kronikken i Aftenposten 21.09.09: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article3278881.ece
Forrige: Rapport frå ein dag i steinalderen i Kristiansund
