SPELEMANNEN PETTER STRØMSING 250 ÅR

Laurdag 20.juni vert statua av Petter Strømsing avduka i Skjoldastraumen i Tysvær kommune. Han var fødd der i 1759 og vart ein kjent spelemann, ikkje minst blant romanifolket som han høyrde til.

Særleg i Agder og Telemark vart han og ”Strømsingfela” kjent og mange slåttar stammar frå han, t.d. ”Strømsingen”.

Kunstnaren Vidar Bratlund Mæland har laga bronseskulpturen som vert avduka under den årlege Slusedagen i Skjoldastraumen. Skulpturen er plassert like ved slusene som er dei einaste saltvasslusene i Noreg som framleis er i aktiv bruk. Leiar av Foreningen Romanifolkets Kystkultur Alvin Eilertsen Viborg leiar avdukingsseremonien der også Siri Dyvik og Haugesund Spelemannslag spelar slåttar av Petter Strømsing og der Arnvid Lillehammer fortel om spelemannen som etter tradisjonen er rekna som opphavsmannen til folkevisa ”Per Spelemann”. Elles deltek Team Klementsen med Romaniviser og ordførar Harald Stakkestad og kultursjef Ingvar Frøyland.

Klikk her for brosjyer:

 

Petter Strømsing 250 år

Side-alternativer