Me ville ha underbuksa di - og me fekk ho

Norsk Trikotasjemuseum er saman med ti andre teknisk-industrielle museumsanlegg veld ut av sekreteriatet til Kulturminneåret 2009 til prosjektet "Fordums kraft- nytt liv. Industriminner i møte med vår tid". Dette er eit nasjonalt dokumentasjons- og kunstprosjekt. Torsdag 2. april klokka 19 kan du sjå tekstiler frå Salhus Tricotagefabrik (1859-1989) i nytt lys og i ny drakt. Då opnar me utstillinga "We were just happy to work" av Maria Manuela Rodrigues på Norsk Trikotasjemuseum .

Me ville ha underbuksa di - og me fekk ho

Trusetriks på Salhus 2. april

Miljødepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet er oppdragsgjevarar til Kulturminneåret 2009 og industrihistoria i Norge er eit av satsingsområda.

 

Prosjektet Fordums kraft- nytt liv. Industriminner i møte med vår tid, skal formidla industriminnet Salhus Tricotagefabrik på ein ny måte.

 

Tekstilkunstnar Maria Manuela Rodrigues (www.maria-rodrigues.no) har laga ei ny utstilling til Norsk Trikotasjemuseum tilknytt prosjektet Fordums kraft- nytt liv. Industriminner i møte med vår tid.

 

I haust var me på jakt etter dine Krone Mako undertøy, og om ho var velbrukt eller fint brukt spelte ingen rolle. Me jakta også etter andre plagg som blei produserte på Salhus Tricotagefabrik (1859-1989). Responsen har vore stor.

 

Kom og sjå at underbuksa di har blitt kunst. 

 

Torsdag 2.april klokka 19 kan du sjå tekstiler frå Salhus Tricotagefabrik (1859-1989) i nytt lys og i ny drakt. Då opnar me  utstillinga We were just happy to work  av Maria Manuela Rodrigues på Norsk Trikotasjemuseum .

 

I utstillinga vil det for første gong også bli stilt ut tekstilar produserte ved fabrikken som ikkje er vist før. Me har dukka i magasinet og leita fram unike tekstilar.

 

Utstillinga blir opna av Thor Brekkeflat, komité for kultur, bystyret i Bergen.
Det blir musikk ved Albert og Elise. Kunstnaren vil vera tilstade under opninga.

 

Journalistar er velkomne til Norsk Trikotasjemuseum, ei avdeling under Museumssenteret i Hordaland, Salhusvegen 201 torsdag 2. april 2009 kl 19.00.

 

Side-alternativer