Alt klart for kulturminneåret i Valdres!
Valdres Natur og Kulturpark, Valdresmusea AS og kommunane er no godt i gang med førebuingane til kulturminneåret 2009.
Alle skular, barnehagar, kommunar og historielag fekk i oktober eit brev frå Valdres Natur- og Kulturpark som tilbyr ulike opplegg. Dei planlagde tiltaka er delt i tre hovuddelar med ulik organisering. Valdres Natur- og Kulturpark har ansvar for koordinering.
- Vekas kulturminne
Valdres Natur- og Kulturpark har invitert alle lag, foreiningar, kommunar og privatpersonar til å skrive ein liten snutt om eitt eller fleire kulturminne – slik det kjem inn som ”Vekas kulturminne” på www.valdres.no gjennom heile 2009. Artiklane blir fordelt utover kvar veke heile året, og ved slutten av året blir artiklane samla i eit eige hefte.
- Kulturminne og kulturstiar i nærmiljøet
I dette tiltaket er kommunar, skular, barnehagar, lag og foreiningar invitert til å rydde og skilte opp ein kulturstig og/eller eit kulturminne i nærmiljøet. ”Det er 6 kommunar i Valdres, og fleire skoler og barnehagar i kvar kommune. Derfor er det artig at det ser ut til at mange vil være med”, seir kulturminnekonsulent Katharina Sparstad i Valdres
Høre skule i Vang prøver i haust ut metoden for kulturstigprosjektet slik at opplegget er utprøvd når alle skal i gang. Dei fem beste tiltaka vert premiert med ein GPS-målar. Vi vil også prøve å halde et kurs for registrering av kulturminne, seier Sparstad.
- Valdres-ikon og kulturuttrykk på vandring|
Dette tiltaket er berekna på ungdom og organiserast på ungdomstrinn/vidaregåande ved skulane. Kvar skule vel sitt ”Valdres-ikon” og grunngjev dette i ord og bilete. Resultata blir hengt opp som eiga utstilling hos Valdresmusea AS på slutten av året.
